Urkorn frå Innherred – Gullimunn
Her på Bjerkem sådde Jakob den første speltåkeren i 2007. Etter dette har vi dyrka vårspelt frå Gotland, vårspelt frå Øland, Oberkulmer Rotkorn som er ein tysk haustspelt, Dala Landhvete, Svedjerug, Nakenbygg og Fram vårhvete.
Dei gamle kornsortane har andre kvaliteter enn dei moderne sortane, og vi leiter stadig etter sortar som både er tilpassa dyrking i vårt trønderske klima samtidig som det også er godt for helsa vår.
Vi har gjennom fleire år hatt forsøksfelt med eit svært mange ulike vårhvetesortar som har vorte testa i samarbeid med NLR, NIBIO, Norsøk og Graminor.
Saman med gårdane Rølia i Steinkjer og Grandan på Inderøya har Bjerkem starta selskapet Gullimunn, og hit leverer gården kornet. Gullimunn produserer mjøl av gamle kornsortar slik som Spelt, Emmer, Landkveite og Svedjerug.
Dette er sortar som har lange røtter, og som har spesiell smak, og vi kan snakke om at dei ulike variantane blir forskjellige ut frå skiftande årgangar og terroir. I 2017 vann Gullimunn prisen for beste økologiske produkt på Trøndersk Matfestival i Trondheim, og i 2018 vann vi igjen prisen for beste økologiske produkt same stad. Da med vårt «Vaffelmel». Det siste er mjøl som eignar seg dårleg for brødbaking, men som på grunn av høg enzym-aktivitet eignar seg ekstra godt til smakfulle vaflar!
Ideologien til Gullimunn er lokalt mjøl til lokal marknad. Berre 1-2 % av alt kornet som blir produsert i Trøndelag går til menneskeføde, og dette vil Gullimunn gjere noko med.
Gullimunn held også foredrag og bakekurs.
For meir om Gullimunn, besøk heimesida her.