Kopiering

Ein rekonstruert bunad blir dokumentert med kleplagg frå same draktomåde og tidsperiode, akvarellar, skifteprotokollar og anna skrifteleg materiale. Alle plagga til bunadane er kopierte etter gamle kleplagg frå Nord-Trøndelag og sydd med dei gamle saumteknikkane på same måten som dei gamle kleda var sydde.

Det er mange stoff og fargevariantar til bunadane både for kvinner og menn. Når bunaden bygger på ein gammal kleskikk blir ikkje bunaden ei uniform og du kan velge fargar og stoff som passar deg best.

Det er for eksempel kopiert:

3 ulike lås i massing og 6 ulike lauslommer,
ei hjertesølje og ein brodert pung frå Verdal,
ulike skospenner i massing, samt fingervottar til både kvinne og mann i tillegg til mange andre kleplagg.

På bunadburet kan du få vite om det er gamle kleplagg frå din kommune eller nærområde som er kopierte.


Kontakt Berit Bjerkem:

Tel. 909 50 702 eller på E-post: berit@bjerkem.com