Dette har skjedd…

For 10 000 år sidan trekte isen seg tilbake, og la igjen ein morenerygg. For 4000 år sidan begynte folk å dyrke jorda på denne moreneryggen, og for kanskje 2 500 – 2000 år sidan vart folk bufaste på moreneryggen – og da var det kanskje også ein del bjørker her, for gården vår heiter no Bjerkem – Bjørk heim. Det er branngraver på gården frå den tida, og det ligg også eit par store gravhaugar her frå folkevandringstida.

Frå vikingtida (ca. 1000 år sidan) er det funne ein god del gjenstandar som for eksempel sverd, økser, smykker, leikar og skipsnaglar. For 750 år sidan i 1349 slo Svartedauden til, og gården vart liggande øde i ca 200 år. Gjenstandene finn de i dag i arkiva på Vitenskapsmuseet i Trondheim.

I omtrent 1525 – altså for ca. 500 år sidan var gården busett igjen, og kanskje var det slekta vår som kom hit da. I alle fall veit vi at slekta vår har vore her sidan 1640, for det kan vi sjå i gamle kirkebøker. Vi kan imidlertid ikkje seie sikkert kven som var på gården mellom 1640 og ca. 1525, for dei eldre kirkebøkene gjekk med da kirka brann. I 1762 vart gården kjøpt fri frå Bakke klostergods i Trondheim for 329 riksdaler av Svend Olsen Bjerkem – som forøvrig fekk 15 barn!

Jorda har heile tida vore drive i vekselbruk mellom gras og ulike kornsortar, og når Armfeldt sin hær kom og forsynte seg av forrådet på gården i 1719, så tok han 4 tønner havre, 1,5 tønne blandakorn, 1 tønne rug, 5 tønner bygg, 17 lass høy, 5 kyr, 1 hest, 1 sau, 1 gris, gårdsredskap, gang- og sengeklede, matvararer og øl – og erstatninga vart utmålt til 69 rdl og 2 ort. Den erstatninga er det likevel mye som tyder på aldri kom! Brukaren på Bjerkem vart forresten tatt som gissel av svenskane den gongen, og måtte ta opp eit stort lån for å bli kjøpt fri.

Tidleg på 1800-talet vart gården delt – og består i dag av tre bruk, og husa på gården vår vart bygd opp der dei står no mellom 1831 og til 1891. Nye påbyggingar kom i 1927, 1971 og 2002. No står tunet her som eit typisk trøndersk firkanttun med innhusa på den eine sida og uthusa på den andre.

Tørkhuset er eldste huset på garden – truleg med aner tilbake til 1600-talet.  Da vedkomfyrane for lengst hadde overtatt brødbakinga og korntørkinga før korntørkinga vart flytta til tørka på Steinkjer Mølle, gav Jakob (f 1885) huset bort til Ole Austheim på Nonstad i Såsegga i 1932. Da huset skulle rivast fekk vi overta det, flytta det heim og sette det opp igjen på nesten opprinneleg plass.

Dei siste hundreåra har eigarane her heitt Jakob og Johan i annakvar generasjon – og den siste i rekka er er Jakob nr. 6, student, født i 1996 og heiter Jakob Steinar. Det har vore slik at desse Jakob-ane og Johan-ane bakover i tid har vore like interesserte i kultur som i gårdsdrift, og slik var det også med dei som dei gifta seg med! – og slik er det også i dag. Derfor har vi eit vell av kjelder og tradisjonar å ta vare på og vise fram på gården. Kom og besøk oss, da vel!

I april 2021, midt i lockdown under pandemien, fekk vi lagt spontak på Bunadburet. Ikkje kunne vi gjere det sjølv, og lokale handverkarar kunne ikkje ta på seg oppdraget. Men, da Roald Renmælmo som leier tradisjonshandverksstudiet på NTNU fann ut at studiet kunne bruke dette som praksisplass fekk vi slått fleire fluer i ein smekk. Slike tak vart alltid lagt på dugnad før i tida, og det vart det jammen no også – av studentane på tradisjonshandverksstudiet. Roald Renmælmo har skrive eit godt og grundig blogginnlegg om prosessen. Gå gjerne inn og les: «Frå skog til takspon, nytt spontak på Bunadburet på Bjerkem»



Samarbeidspartnarar

Gården ligg ikkje så langt frå Norges Midtpunkt. Vi samarbeider mykje med seks reiselivsbedrifter i rundt Midtpunktet, og vi anbefaler verkeleg eit besøk til Hatlingsætra (Steinkjers einaste sæter i drift), Mokk (med gruvesafari og 40 sengeplassar), Rølia (som også er vår næraste nabo og har overnatting i stulåna frå 1700-talet), Steinkjer kommuneskoger (landskapsvernområde med kajak- og hytteutleie) og Yttervik (med overnatting, selskapslokale i drivhus og paintballbane).

Vi er også ein del av BRUK Trøndelag. Dette er fleire bedrifter som driv med kulturutvikling og produksjon, og der vi samarbeider om ei satsing på Artist in Residence (Air). Vi anbefaler absolutt å besøke Auskin Kreative Senter i Verdal, Inderøy Kulturlaboratorium, SAGA Inderøy og Vatn Kulturspinn på Åsen.



Prisar

  • Gården har fått Steinkjer kommunes kulturvernpris for restaureringa av Trønderlåna
  • Gården er tildelt Norsk Kulturavs kvalitetsmerke Olavsrosa
  • Gården er tildelt Noregs Mållags pris for god marknadsføring
  • Berit Bjerkem er tildelt Kongens Fortjenestemedalje for arbeidet med rekonstruksjon av folkedraktskikken i regionen
  • Berit og Jakob Bjerkem er begge tildelt Steinkjer kommunes Kulturpris
  • Gården er godkjent Økoturismebedrift og medlem i Hanen
  • Gårdsdrifta har Debiogodkjenning