Julestemning

Takk for besøket på Gammellavin 2021!. Søndag 5. desember hadde vi premiere og ei framføring til. Onsdag 8. desember rakk vi 2 framsyningar for skole/barnehage med fullt hus, stor jubel og flott stemning! Koronarestriksjonane gjer det no umuleg å gjennomføre fleire framsyningar av Julestemning på Gammellavin på Bjerkem i 2021. Takk for i år! Velkommen i 2022!

Søndag 5. des. Forestilling: kl. 13.00 og forestilling: kl. 17.00

Onsdag 8. des. Barnehageforestillingar med start kl. 10.00 og kl. 13.00

Søndag 12. des. Forestilling: kl. 13.00 og forestilling: kl. 17.00 AVLYST

Onsdag 15. des Forestilling: kl. 18.00 AVLYST

De kan bestille billettar hos bjerkem@bjerkem.com / tlf og sms 909 50 702

Pris: vaksen 200,- / barn 150,-

Vi ønsker dere ei riktig god førjulstid!

Om Julestemning

På Gammel-lavin på Bjerkem har Fjøsnissen budd i mange hundre år. Og i mange hundre år har han trudd at han var den einaste nissen.

Denne jula skal Tor og Helle – ungane på gården – ut i skogen for å hente juletre. I møtet med Tor og Helle, forstår fjøsnissen at det også finst andre nissar – og vi møter etter kvart både Skogsnissen og Nordpolnissen, som også trur at det berre er dei som er dei einaste ekte nissane! Heldigvis ordnar alt seg til slutt, og derfor passar forestillinga for ungar i følge med vaksne frå dei er tre år og over.

Vi er heldige å ha med mange smånissar i starten og slutten av kvar forestilling, og dei er med og gjer stykket enno meir magisk.

Det er mange fine songar i stykket, og det har vorte ein fin og god juletradisjonar for mange familiar og komme og sjå teaterstykket i advent. Det er for det meste berre opne forestillingar, og ein som er dedikert til barnehagene.

Stykket er laga av Jarle Berg, og Bynesgutan speler også stykket i Olavshallen i Trondheim, og der har det gått for fulle hus i over 30 år! På Bjerkem har vi spelt stykket i 19 år no, etter eit pauseår under pandemien.

Her finn du Facebooksida til Julestemning på Bjerkem.