Gourmetrestauranten – Experience

Gourmetrestauranten Experience@Bjerkem er open for bordbestilling kvar onsdag – laurdag, eller for grupper også andre dagar. Restauranten opnar klokka 19.00, og bordbestilling er nødvendig. Det er muleg å bruke tid i baren både før og etter måltidet.

Det blir servert 7 retters middag, eller spesialiteten; ein 16 retters smaksmiddag. Du kan også velje å bestille ulike drikkemenyar, med eller utan alkohol, som er spesialtilpassa kvar enkelt meny. Maten er nøye tilpassa slik at etter at ein er ferdig med måltidet, har ein fått mange smaksopplevingar, men er ikkje overmett.

Eigar og drivar av restauranten er Kim Tore Sjøbakk. Etter 12 år i London – og etter å ha vore kjøkkensjef på to av fem trestjerners Michelinrestaurantar i Storbritannia, valte han å flytte tilbake til Trøndelag for å arbeide og vidareforedle dei lokale råvarene.

Maten er laga frå botn av kjøkkensjefen sjølv. Mye er henta frå gårdens eigne ressursar, og resten er henta frå nabogårdar, skogen, havet eller elvane i nærleiken; og alt er handplukka av Kim Tore. Godt over 90 % av maten er økologisk, for rein og usprøyta mat smakar best!

Gå til heimesida for restauranten her – og les meir og bestill bord.