Nytt bunadkurs startar i september 2019

Kvar vinter er det kurs i sying av den rekonstruerte bunaden på Bunadburet på Bjerkem. Du kan bruke ein eller to vintrar til å sy ferdig bunaden. Alt er handsaum slik dei gamle klea vart sydde. Du treng ikkje ha mye syerfaring for å gå på kurs. Du får opplæring i å sy med dei gamle teknikkane på kurset. Avtal med Berit for å sjå og prøve bunad i god tid.

Du kan sy både rekonstruert  kvinnebunad eller mannsbunad på kurset. Kurset i 2019 startar 24. september, og det er stadig to ledige plassar.

Ta kontakt med Berit Bjerkem, adresse: Bjerkem, Såseggvegen 399, 7718 Steinkjer, telefon: 909 50 702, e-post: berit@bjerkem.com