Gårdsdrifta i dag

Kulturgården Bjerkem blir drive økologisk, akkurat som det har vore gjort i ca. 2000 år, med eit lite unntak for ein periode på 60 år. Her blir det produsert ca. 200 tonn melk, kjøtt frå rasen NRF og det blir dyrka korn med gamle sortar. Det er Petter Strugstad som driv jordbruket.

Dei gamle sortane korn vil variere litt frå år til år, men typisk kan det vere landsortar av kveite – som Dala Landhvete eller Ølandshvete, eller det kan vere ulike typar spelt, emmer eller rug. Dei gamle kornsortane blir selt til selskapet Gullimunn som produserer mjøl av dei. Dette gir eit smaksrikt mjøl, og mange som har problem med dei nye mjølsortane meiner dei kan tole desse gamle typane betre. For fleire opplysningar om kornsortane, besøk gjerne heimesida til Gullimunn.

Det er ein stor fordel for kornproduksjonen at det er dyr på gården, og jorda blir drive i vekstskifte, der ein kvart år endrar kva kvart jordstykke blir brukt til. Dette hjelper på så jorda ikkje blir utarma av einsidig drift, men blir hjelpt av dei ulike sortane vekster.

Elles driv gården med bunadproduksjon, produksjon av gourmetmat, kunnskapsutvikling og opplevingsproduksjon.