Kurs – KultLab AS

KultLab driv team- og lederutvikling retta mot bedrifter og grupper, basert på ein unik metodikk som koblar metodar frå kunst og kultur til fagrelaterte tema.

KultLab samarbeider med det danske firmaet Kunstgreb som også har spesialisert seg på å få selskap og enkeltpersonar til å tenke nytt basert på arbeidsmetoden til kunstnarar. Kunstgreb har mellom anna har vunne EU-prisen «Best Nordic Adult Learning Project». Vi arbeider gjennom ein systematisk ide og innovasjonsmetode som gjer at ein på ein god måte kan fasilitere produkt og kulturinnovasjon.

Plassen prosessane skjer på og maten du et i prosessen er ein del av sjølve ramma for utviklinga, og KultLab er flyttbar, men på Bjerkem finn du lokale tilrettelagt for nytenking og vidareutvikling.

Gå til KultLab si heimeside her. Gå til Kunstgreb si heimeside her.

Eigarane av Bjerkem: Torunn og Johan Einar er partnarar i KultLab saman med:

  • Astrid Skogseth (Teaterregisør utdanna i USA og forretningsutviklar i Steinkjer Næringsselskap)
  • Eivind Berre (Grafisk designar og bassist i DDE)
  • Mildri Ryan (Skodespelar utdanna i Russland og museumspedagog ved Stiklestad Nasjonale Kultursenter)
  • Einar Olav Larsen (Ein av landets fremste folkemusikarar med fleire sigrar i Landskappleiken og mange andre utmerkingar)

Konsertar

Gjennom samarbeid med Hilmarfestivalen, der Johan Einar er dagleg leiar, har vi tilgang til topp musikarar frå distriktet. Det er spellmannsprisvinnarar og vinnarar av Landskappleiken i stallen, og også musikarar frå mange ulike sjangrar. Vi kan sette saman alt frå små korte innslag til bedriftssamlingar eller jubileumsmiddagar til heile konsertar. Ta kontakt om kva ønsker du har, og kva stemning du vil oppnå.

Johan Einar sjølv er aktiv forteljar, og alle på gården er vante konferansierar, foredragshaldarar og kåsørar. Torunn og Johan Einar er kjente danseinstruktørar.

I den ombygde låven på Bjerkem – «Gammellavin», kan vi love ein smak av Trøndelag. Her kan dans, musikk, tradisjon, kultur, mat og nyskaping kombinerast til ei oppleving for livet.