Johan Einar Bjerkem

Johan Einar (f. 1969) eig gården saman med Torunn, og er vertskap for besøkande på gården. Han har gitt ut seks bøker om ulike kulturfag, og er dagleg leiar av Stiftinga Hilmar Alexandersen og Hilmar AS, som mellom anna står bak Hilmarfestivalen og Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans. Han er aktiv forteller, dansepedagog og fjøsnisse. Han er styreleiar og partner i KultLab. Og så syng han i Båbu Mannsong og liker å lese.

Torunn Hernes Bjerkem

Torunn (f. 1969) eig gården saman med Johan Einar og er vertskap for besøkande på gården. Ho er dagleg leiar i Gullimunn, og er ein forkjempar for lokalt mjøl til regional marknad. Torunn held gjerne foredrag og kurs om baking med gamle kornsorter og er i tillegg aktiv folkedanspedagog. Når ho treng litt tid for seg sjølv, tar ho turen til svømmebassenget.

Berit Bjerkem

Berit Bjerkem er kårkjerring på gården, og eig og driv Nord-Trøndelag Folkedraktsaum på Bunadburet. Ho har mellom anna fått Scheiblers Legats ærespris, Steinkjer kommunes kulturpris og Kongens fortjenestmedalje for arbeidet sitt med rekonstruksjonen og produksjonen av bunaden frå Nord-Trøndelag.

Jakob Bjerkem

Jakob Bjerkem (f. 1946) er kårkaill på gården. Hans store lidenskap er økologi og helseriktig mat. Han har vore bonde frå 1974 – økologisk frå 1997. Han har vore styremedlem og/eller styreleiar i fleire landsdekkande organisasjonar som Noregs Ungdomslag, Debio, Oikos,  Bondens Marked og Norsk Folkedrakt-forum. Jakob er levande opptatt av song, folkekultur og demokrati. Dette praktiserer han mellom anna i Bagabu Ungdomslag – og opererer som Skogsnisse i førjulstida.

Petter Redving Strugstad

Petter Redving Strugstad (f. 1996). Driv landbruket på gården og produserer økologisk korn, melk og kjøtt. Han er styreleiar i Nord-Trøndelag Bygdeungdomslag og ein svært god lyttar og racer til å kjøre traktor. Han er agronom frå Mære Landbruksskole og har i tillegg ein bachlor i agronomi frå Blæstad.

Kim Tore Sjøbakk

Kim Tore Sjøbakk (f. 1984) eig og driv gourmetrestauranten Experience@Bjerkem. Han har tidlegare mellom anna vore kjøkkensjef på Gordon Ramseys «The Maze» i London» og Alain Ducasses «The Dorchester». Begge har tre stjerner i Michelinguiden. No har han flytta tilbake til Trøndelag og Steinkjer for å drive sin eigen restaurant basert på ureist, kortreist og økologisk mat.

Nives Skudar

Nives Skudar (f. 1988) arbeider fulltid som hovmester på gourmetrestauranten Experience@Bjerkem. Ho er sambuar med Kim Tore Sjøbakk, og opprinneleg frå Kroatia.

Der var ho utdanna jurist, og arbeidde som forretningsadvokat, men avslutta den karrieren for å flytte til Noreg og arbeide for å gi gjester gode opplevingar.

Jakob Steinar Bjerkem

Jakob Steinar Bjerkem (f. 1996) er sønnen til Torunn og Johan Einar. Han tar for tida ein bachelorgrad i filosofi ved Universitetet i Oslo.

Når han ikkje studerer og funderer over livets store spørsmål, så liker han å skrive. I feriar er han ofte heime og hjelper til.

Astri Andrea Bjerkem

Astri Andrea Bjerkem (f. 1999) er dottera til Torunn og Johan Einar. Ho er eit sosialt og reisande menneske, og det siste året har ho brukt til å reise rundt i verda og sjå seg om.

Ho har vore i Sør- og Nord-Amerika, og var mellom anna frivillig på ein dagheim for ungar i Ecuador.