På Kulturgården Bjerkem blir det produsert økologisk melk og kjøtt – og dyrka gamle kornsortar. Det er Petter Strugstad som har gårdsdrifta i dag. Dei gamle kornsortane blir selt til selskapet Gullimunn som produserer mjøl. Vertinna på Bjerkem; Torunn Bjerkem er også dagleg leiar i Gullimunn AS.

På gården ligg også gourmetrestauranten Experience@Bjerkem. Den blir drive og eigd av mesterkokken Kim Tore Sjøbakk. Kim Tore flytta tilbake til Steinkjer etter 12 år i London. Der var han mellom anna kjøkkensjef på The Maze og The Dorchester – begge med tre stjerner i Michelinguiden. Kim Tore ville  eige sin eigen restaurant og bruke berre ureiste, kortreiste, reine og økologiske råvarer frå Trøndelag. Han flytta heim og inn på Bjerkem med restauranten! 

På Bjerkem ligg også Bunadburet der Berit Bjerkem produserer bunader frå Nord i Trøndelag basert på den rekonstruerte draktskikken i regionen etter å ha registrert over 3000 tradisjonsplagg.

Kvar advent blir familieteatret Julestemning framført på Gammellavin på gården. Skogsnisse og primusmotor for dette er mannen til Berit; Jakob Bjerkem. Kårkallen som har vore aktiv i kultur og landbruksorganisasjonar gjennom eit heilt liv, er stadig på farten og er no mellom anna leiar i Norsk Folkedraktforum.

Johan Einar Bjerkem, sønn til Berit og Jakob, eig gården saman med Torunn. Han er vertskap på gården, fjøsnisse – og sjef for Hilmarfestivalen.