Når vintermørket er som djupast, opnar tradisjonsrike Bjerkem dørane for ei heilt unik mat og kulturoppleving i samarbeid med den frie teatergruppa Konstellasjonen. Midtvintersblotet er eit altoppslukande immersive dining-konsept der mat, myter og mørke smeltar saman.
Ta med venner, kollegaer og familie på ei stemningsfull, underholdande og litt nifs midtvintersfeiring på den idylliske gården.
I løpet av kvelden får du smake på matskattar fra regionen, tilberedt på gamle måter som i kokegrop og tradisjonelle oppskrifter. Rundt bordet deler vi historier og ritual som går langt tilbake i tid – og glømte vesen blir vekt til live.
Vi møter Julegeita, Lussi, Jul-Anders og Åsgårdsreia. Dei leier oss gjennom eit festmåltid, ei reise mellom tid og rom – og minner oss om at mørket også har sin plass i livet.
Velkommen til Midtvintersblotet – ein hyllest til naturens syklusar, gamle historier og fellesskapet rundt bordet.