Neste: BUNADKURS 23. september 2025 – 5. mai 2026
BUNADKURS på BUNADBURET. Sy din eigen heilt unike bunad slik draktskikken var nord i Trøndelag i perioden 1750 – 1830.
Deltakarane møtest kvar tirsdag 17.00 – 21.00. Noko arbeid heime mellom kurskveldane må ein rekne med.
Kurset er fulltegna. Ta kontakt med Berit Bjerkem for å tegne deg på venteliste.





Overnatting i samband med møter, kurs og opplæring
Du kan gjerne gå inn på bookingen og velge dei alternativa som passer best for deg. Om de er ein gruppe, kan du gjerne ta kontakt, så kan vi finne dei beste løysingane saman. Om ønskeleg kan du satse på billegare camping-løysing i samband med aktiviteter på gården. Du kan få plassere bobil eller telt og kan benytte gårdens sanitæranlegg.
Transport: Kulturgården ligg i Steinkjer kommune. Hit kjem du i med bil, buss eller tog. Kjem du med buss eller tog, anbefaler vi samkjøring frå stasjonen og ut til gården. Dette er 12 min kjøreavstand fra Bjerkem. Flyplassen Trondheim Lufthavn Værnes ligg 1 ½ times kjøreavstand fra Bjerkem. Togstasjonen på flyplassen ligg i gangavstand 2 min frå ankomsthallen og det går tog som regel 1 gong i timen. For rutetider kan de sjekke oppdatert informasjon på EnTur .
Ved spørsmål: kontakt Torunn Hernes Bjerkem, torunn@bjerkem.com / +47 97562667



Kurs og opplæring på Kulturgården Bjerkem
Kurs – HA99 med KultLab
Hilmar AS har nå overtatt KultLab som driv team- og lederutvikling retta mot bedrifter og grupper, basert på ein unik metodikk som koblar metodar frå kunst og kultur til fagrelaterte tema.
Metodene som nyttast er spesialisert med tanke på å få selskap og enkeltpersonar til å tenke nytt basert på arbeidsmetoden til kunstnarar. KultLab har samarbeida tett med Kunstgreb har mellom anna har vunne EU-prisen «Best Nordic Adult Learning Project». Vi arbeider gjennom ein systematisk ide og innovasjonsmetode som gjer at ein på ein god måte kan fasilitere produkt og kulturinnovasjon.
Plassen prosessane skjer på og maten du et i prosessen er ein del av sjølve ramma for utviklinga, og KultLab er flyttbar, men på Bjerkem finn du lokale tilrettelagt for nytenking og vidareutvikling.
Ta kontakt for tilbod: johan.einar@hilmarfestivalen.no og astrid.skogseth@hilmarfestivalen.no






Konsertar
Gjennom samarbeid med Hilmarfestivalen, der Johan Einar er dagleg leiar, har vi tilgang til topp musikarar frå distriktet. Det er spellmannsprisvinnarar og vinnarar av Landskappleiken i stallen, og også musikarar frå mange ulike sjangrar. Vi kan sette saman alt frå små korte innslag til bedriftssamlingar eller jubileumsmiddagar til heile konsertar. Ta kontakt om kva ønsker du har, og kva stemning du vil oppnå.
Johan Einar sjølv er aktiv forteljar, og alle på gården er vante konferansierar, foredragshaldarar og kåsørar. Torunn og Johan Einar er kjente danseinstruktørar.
I den ombygde låven på Bjerkem – «Gammellavin», kan vi love ein smak av Trøndelag. Her kan dans, musikk, tradisjon, kultur, mat og nyskaping kombinerast til ei oppleving for livet.


