På Kulturgården Bjerkem finn vi ei lita næringsklynge som samarbeider om å skape gode opplevingar for alle som besøker oss.

Gården leiger ut kårenden i trønderlåna frå 1831 til overnatting. Eigedomsselskapet er i gang med eit stort utviklingskonsept i uthuset som gjennom perioden 2025 – 2028 skal bygge rom til overnatting og oppleving slik at vi kan ta imot fleire gjester til lengre opphald på garden.

Vi tar mot grupper til til skreddersydde opplevingar og serverer økologisk, lokal og ureist mat.

Kyrne har flytta over til nabogarden i eit nytt og fint moderne fjøs, og uthuset står ledig til ein ny epoke. Petter Strugstad forpaktar gårdsdrifta. Dei gamle kornsortane han dyrkar blir selt til selskapet Gullimunn som vi eig i lag med 5 andre gårdar, og som produserer lokalt mjøl av gamle kornsortar. Av dette mjølet baker vi brød og finbakst som vi serverer til dei som besøker gården.

På gården ligg også gourmetrestauranten Experience@Bjerkem. Den blir drive og eigd av mesterkokken Kim Tore Sjøbakk. Kim Tore flytta tilbake til Steinkjer etter 12 år i London. Der var han mellom anna kjøkkensjef på The Maze og The Dorchester – begge med tre stjerner i Michelinguiden. Kim Tore ville  eige sin eigen restaurant og bruke berre ureiste, kortreiste, reine og økologiske råvarer frå Trøndelag. Han flytta heim og inn på Bjerkem med restauranten! 

På Bjerkem ligg også Bunadburet der Berit Bjerkem produserer bunader frå Nord i Trøndelag basert på den rekonstruerte draktskikken i regionen etter å ha registrert over 3000 tradisjonsplagg. Kvar haust møtest kursdeltakarane som gjennom eit eller to år vil sy sin eigen bunad.

Kvar advent blir familieteatret Julestemning framført på Lavin. Skogsnisse og primusmotor for dette er Jakob Bjerkem. Kårkallen Jakob har vore aktiv i kultur og landbruksorganisasjonar gjennom eit heilt liv, er stadig på farten.

Johan Einar Bjerkem, sønn til Berit og Jakob, eig gården saman med Torunn. Han er vertskap på gården, skogsnisse – og dagleg leiar for Stiftinga Hilmar Alexandersen, mest kjent for Hilmarfestivalen som arrangerast i november (veke 45) kvart år.