

Når vintermørket er som djupast, opnar tradisjonsrike Bjerkem dørane for ei heilt unik mat og kulturoppleving i samarbeid med den frie teatergruppa Konstellasjonen. Midtvintersblotet er eit altoppslukande omsluttande middags-konsept der mat, myter og mørke smeltar saman.
Ta med venner, kollegaer og familie på ei stemningsfull, underholdande og litt nifs midtvintersfeiring på den stemningsfulle gården.
I løpet av kvelden får du smake på matskattar fra regionen, tilberedt på gamle måter som i kokegrop og tradisjonelle oppskrifter. Rundt bordet deler vi historier og ritual som går langt tilbake i tid – og glømte vesen blir vekt til live.
Vi møter Julegeita, Lussi, Jul-Anders og Åsgårdsreia. Dei leier oss gjennom eit festmåltid, ei reise mellom tid og rom – og minner oss om at mørket også har sin plass i livet.
Velkommen til Midtvintersblotet – ein hyllest til naturens syklusar, gamle historier og fellesskapet rundt bordet.
Pris: 1495,- per person. Drikke kjem i tillegg
Antal: Minimum 8 personar, maksimum 16.
Overnatting: Kan bestillast i tillegg.
Tid: 23., 24. og 25. januar. Oppmøte kl. 17.00.
Booking: torunn@bjerkem.com eller tlf 975 62 667.

