Julestemning
Gammellavin Teaterlag flytta forestillinga Julestemning inn på Fjøslæmmen i fjor og inviterer på nytt til magiske aungeblik på lavin. Her har det vore lager av korn i mange år, men nissane har rydda plass og inviterer alle heim til seg. Rommet er ikkje isolert, men det er masse julestemning! Så, kle deg godt som om du skal vere ute.
Er det kaldt ute, – så er det kaldt inne, – men det bles ikkje, og taket er tett, – det har nissane sørga for!
I pausa blir det sal av kaffe, saft og Gullimunn-boller, – for grauten vil nissane ha for seg sjølv i år!
Laurdag 30. nov. kl. 13.00
Søndag 1. des. kl. 13.00
Onsdag 4. des. Barnehageforestilling kl. 11.00
Laurdag 7. des. kl. 13.00
Søndag 8. des. kl. 13.00
De kan bestille billettar hos berit@bjerkem.com / tlf og sms 909 50 702
Pris: vaksen 250,- / barn 200,-
Vi ønsker dere ei riktig god førjulstid!
Om Julestemning
På lavin på Bjerkem har Fjøsnissen budd i mange hundre år. Og i mange hundre år har han trudd at han var den einaste nissen.
Denne jula skal Tor og Helle – ungane på gården – ut i skogen for å hente juletre. I møtet med Tor og Helle, forstår fjøsnissen at det også finst andre nissar – og vi møter etter kvart både Skogsnissen og Nordpolnissen, som også trur at det berre er dei som er dei einaste ekte nissane! Heldigvis ordnar alt seg til slutt, og derfor passar forestillinga for ungar i følge med vaksne frå dei er tre år og over.
Vi er heldige å ha med mange smånissar i kvar forestilling, og dei er med og gjer stykket enno meir magisk.
Det er mange fine songar i stykket, og det har vorte ein fin og god juletradisjon for mange familiar og komme og sjå teaterstykket i advent. Det er for det meste berre opne forestillingar, og ein som er dedikert til barnehagene.
Stykket er laga av Jarle Berg, og Bynesgutan speler også stykket i Olavshallen i Trondheim, og der har det gått for fulle hus i over 30 år! På Bjerkem har vi spelt stykket i 20 år no, med eit pauseår under pandemien.
Her finn du Facebooksida til Julestemning på Bjerkem.