Konsertar

Gjennom samarbeid med Hilmarsentret, og –festivalen, der Johan Einar er dagleg leiar, har vi tilgang til topp musikarar frå distriktet. Det er spellmannsprisvinnarar og vinnarar av Landskappleiken i stallen, og også musikarar frå mange ulike sjangrar. Vi kan sette saman alt frå små korte innslag til bedriftssamlingar eller jubileumsmiddagar til heile konsertar. Ta kontakt om kva ønsker du har, og kva stemning du vil oppnå.

Johan Einar sjølv er aktiv forteljar, og alle på gården er vante konferansierar, foredragshaldarar og kåsørar. Torunn og Johan Einar er kjente danseinstruktørar.

I den ombygde låven på Bjerkem – «Gammellavin», kan vi love ein smak av Trøndelag. Her kan dans, musikk, tradisjon, kultur, mat og nyskaping kombinerast til ei oppleving for livet.