Årets forestillingar

I 2019 speler vi laurdagane 30. november og 7. desember klokka 14.00 og 17.00 og søndagane 1. og 8. desember klokka 17.00.
I tillegg er det forestilling for barnehagane tirsdag 3. desember klokka 11.00.

Om Julestemning

På Gammel-lavin på Bjerkem har Fjøsnissen budd i mange hundre år. Og i mange hundre år har han trudd at han var den einaste nissen.

På grunn av Tor og Helle – ungane på gården som går ut i skogen og skal hente juletre før jul, forstår han at det også finst andre nissar – og vi møter etter kvart både Skogsnissen og Nordpolnissen, som også trur at det er berre dei som er dei einaste ekte nissane! Heldigvis ordnar alt seg til slutt, og derfor passar forestillinga for ungar i følge med vaksne frå dei er tre år og over.

Vi er heldige å ha med mange smånissar i starten og slutten av kvar forestilling, og dei er med og gjer stykket enno meir magisk.

Det er mange fine songar i stykket, og det har vorte ein fin og god juletradisjonar for mange familiar og komme og sjå teaterstykket i advent. Det er seks opne forestillingar, og det går an å få kjøpt nissegraut eller bollar til kvar forestilling også.

Stykket blir spelt dei to første helgene i advent.

Stykket er laga av Jarle Berg, og Bynesgutan speler også stykket i Olavshallen i Trondheim, og der har det gått for fulle hus i over 30 år! På Bjerkem har vi spelt stykket i 17 år no, og går laus på det 18. med krum hals.

Her finn du Facebooksida til Julestemning på Bjerkem.