Topp korn

Bjerkem - Heim | Lokaler | Opplevingar | Økoturisme | Bunadburet | KultLab | Bilder | Om oss | Referansar | In English

www.bjerkem.combjerkem.combjerkem.com

Litt om garden
Kart
Kontakt oss
Vermelding

 Logo Olavsrosa, Norsk Kulturarv

Logo Norges Midtpunkt BA

Gårdsmathanen

Logo Debio

 

   

Bjerkem

Bjerkem pan

På Bjerkem er det drive økologisk jordbruk i 2000 år. Det er drive konvensjonelt berre i 70! 

Her har vi produksjon av økologisk melk, kjøtt og gamle kornsortar - og dette, saman med kurs- og serveringsverksemda er organisert i firmaet Kulturgården Bjerkem. På gården finn de også firmaa Nord-Trøndelag folkedraktsaum, og Kultlab AS. Firmaet Naturkjøtt SA har varelagret sitt her.  

 

Gårdsdrifta

Dagens drift utgjer ca 32 årskyr og ein melkevote på ca 190.000 liter. Vi leier også dyrkajorda på gården Eli, og vi driv tilsaman omtrent 545 daa dyrka mark med 4-årig veksksifteplan
  • 1. år: Havre med gjenlegg 
  • 2. år: første års eng 
  • 3. år: andre års eng 
  • 4. år: bygg med underkultur kvitkløver og raigras.
Etter at nabogarden Rølia vart omlagt til økologisk drift, har vi ein samarbeidsavtale med Rølia der vi kjøper fôret som blir produsert i Rølia slik at dei også kan få til vekstskifte. Samarbeid er løysinga på dei fleste utfordringane vi står ovafor.

"De arbe som legg hjarti nerast ji støst glee."
Ordtak frå Sparbu skrive ned av Johan J. Bjerkem ca. 1920
 

Litt historikk

 

Korn i skumringØver-Bjerkem ligg fritt til på ein morenerygg i Henning i Steinkjer kommune. Namnegarden Bjerkem består i dag av tre bruk. To av gardane - Øver- og Ner-Bjerkem - har vore i same slekta i ca 400 år. På det tredje bruket - Solheim - driv Kari Heistad rideleir.

Den gamle ferdselsvegen frå "Arilds tid" ligg fortsatt midt i tunet og passerer like forbi 2-3 gravhaugar- den eine like ved brufoten til lemmbrua. Dette viser at her har det vore drive økologisk landbruk i mellom eitt og to tusen år berre med to avbrot. Desse to avbrekka var da Svartedauen la gården øde frå 1349 til 1520 og frå da kunstgjødsla kom ca 1930 og til 1997 da garden igjen vart økologisk.

Vi vil leve med naturen, ikkje berre av han.Jakob og Johan og Jakob

I 2011 overtok Torunn og Johan Einar Bjerkem gården etter Berit og Jakob Bjerkem som kjøpte av Jakobs far i 1974. 

På bildet ser vi frå venstre Jakob Bjerkem (f. 1885), Johan Kr. Bjerkem (f. 1912) og Jakob Bjerkem (f. 1946) som alle har vore eigarar og drivarar av gården før Torunn og Johan Einar tok over i 2011.