Bjerkem - Heim | Lokaler | Mat | Opplevingar | Økoturisme | Bunadburet | KultLab | Bilder | Om oss | Referansar | In English

www.bjerkem.combjerkem.combjerkem.com

Julestemning på Bjerkem har blitt ein tradisjon!

Julestemning ensemble 2016For mange har det blitt ein fin tradisjon før jul å ta turen til Bjerkem for å sjå teaterstykket ”Julestemning” av Jarle Berg og koma i julestemning av både teater og julegraut. 2016 er det 13. året nissane på gården fører fram dette stykket!

Tor og Helle i stykket får sitt livs mest spennande jul da dei er på skogstur for å hente juletre og møter heile tre ulike nissar – og jammen er det nissar på låven på gården deira også!

Til stor begeistring får barna blant publikum smake på nissegrauten, servert av dei tre nissane.

Primus motor Jakob Bjerkem seier at det no er vanskeleg å tenke seg ei førjulstid på Bjerkem utan Julestemning. Til helga er det klart for skikkelig innrykk av både småfolk og storfolk. Velkommen skal de vere, alle som ein!

Bildetekst: Fremste rekke f v: Smånissane Gard Tveten Aune(7), Ingeborg Saur-Svarva(6). Kristian Austheim(6), Ingeborg Aalberg Veie(7), Odin Johannes Aalberg Veie(4) Pernille-Henriette Austmo (5), Ronja Henriksen(6), Anna Bilstad (6) og Sanna Haugset(7).  Bak f v: Bassist Dag Olav Stølan, kapellmester Lars Hatling, gitarist Thomas Buan Hammer,  Nordpolnissen Arild Tveten Aune. Tor: Linus Borgan Stølan(11), Helle: Sara Austheim(12),  Tor: Erlend Røli(9), Skogsnisse Jakob Bjerkem. Mangler på bildet: Smånissane Gaute Røli(10) og Silje Elise Krossøy(5) samt Helle: Hildur Ryan(12) og Fjøsnissen Johan Einar Bjerkem

 

JULESTEMNING på GAMMELLAVIN

 

Julestemning, annonse2016

 

Bakekurs med gamle kornsortar

BakekursDatoar for neste bakekurs er 16.-18. januar. Veit du at allerede no at du vil bli med på kurs, eller veit du om nokon du trur ville sette pris på å lære meir om baking med dei gamle kornsortane, så ta kontakt med oss.

Måndag 16. januar: kl. 18.00 - 21.30 Teori - for alle             Tirsdag 17. januar: kl 09.00 - 15.00 Praktisk bakedag Gruppe 1 Onsdag 18. januar: kl. 17.00 - ca.22.00 Praktisk bakedag Gruppe 2

Pris kr. 2000,-

Ønsker du berre å delta på teorien, så kostar dette kr. 500,-

Treng du overnatting? Rølia tilbyr enkel gårdsovernatting.

Ta kontakt med Torunn for påmelding og informasjon.  

 

Bunadkurs

Bunad fra Nord-TrøndelagKurs i sying av rekonstruert bunad frå Nord-Trøndelag starta på Bunadburet på Bjerkem, tirsdag 20. sept.

Du kan gjerne bruke 2 vintrar på å sy bunaden. Vi syr også bunad på bestilling.

Kontakt: Berit Bjerkem  tlf  909 50 702

Bunadburet logo

 

 

Gullimunn AS

Gullimunn mel

Gullimunn AS består av de 4 gårdene, Rise, Grandan, Rølia og Bjerkem. Vi har slått våre kloke hoder, sunne bondevett, nyervervede kompetanse og brennende entusiasme sammen - om å utvikle produkter av de gamle Kornsortene.

Tanken er å kommersialisere dyrking, maling og salg av økologisk dyrkede gamle kornsorter, og tilpasse dette til det regionale markedet i Trøndelag. Hovedhensikten er å sikre leveranser av det korn vi som bønder produserer, og gjennom dette bidra til økt salg av økologisk mat.

Du kan få tak i melet på gårdene våre, i den økologiske butikken Grønn Bølge på Steinkjer, på Gulburet og på Gangstad på Inderøya, hos Andersen&Gundersen i Trondheim. Det blir flere utsalg i hele Trøndelag etter hvertetter hvert.

Målsettingen er å være tilgjengelig og godt etablert på det regionale markedet i løpet av 2016 og 2017.

 

Mer om Gullimunn finner du her.

God fordøyelse!

Gullimunn AS

 

Har du lyst på bunad!

Bunadkurs s1 2016Bunadkurs s2 2016

 

Baking med gamle kornsortar

 

Har du lyst til å lære å bake med eldre kornsortar? Finbakst

Vi har fått mykje blest og merksemd om bakinga vår. Etter at ei av kursdeltakarane i april fortalte om kurset i kantina på NRK Trøndelag, så vart dei gamle sortane ei "snakkis" i kantina. Kort tid etter vart vi ringt opp av NRK Trøndelag, Midt-Nytt, som i tillegg til sjølve distriktssendinga også fekk innslaget inn på Dagserevyren den 09.04.2014 og NRK Trøndelag som ville ha oss med på morgonsendinga dagen etter. Sidan har det både blitt tre sider i Vekebladet Allers og 4 sidar i den nye kokeboka til Embla forlag. 

Men - korfor får vi så mykje merksemd? 

Jo, - fordi dette er eit fagfelt som angår så mange av oss! 

Dei eldre kornsortane har sjølvsagt ein eigenverdi berre i at dei er gamle og skal takast vare på og brukast. Dette perspektivet kjenner vi godt til her på gården, men desse kornsortane har også mange andre positive verdiar. Speltbrød 

Dei gamle kornsortane er sortar som ikkje har vore med på dei siste 50 åra sin målretta foredling med mål som t.d. auka volum og kortare og stivare strå. 

Foredlingseventyret har vore vellykka etter dei definerte måla, men den har også hatt ei rekke uheldige bivirkningar som ein ikkje har vore merksam på før i den seinare tida.

Medan volumet har auka og stråa har vorte stivare, har morfologien i kornet endra seg og næringsstoffane ser ut til å ha spredd seg over eit større volum. Glutenproteinet har endra karakter og blitt hardare. Det nye glutenet er det fleire og fleire som reagerer på, og mange tåler glutenet i dei gamle kornsortane betre enn i dei moderne. Når vi i tillegg får mineraler, vitaminer og antioksidantar meir konsentrert i dette kornet så er det klart at dette vil vere interessant for mange. 

 

 

Stemning på Bjerkem

Gammellavin på BjerkemMøter og kurs på Bjerkem gir deg kulturopplevelser på jobb!

Kulturlandskapet bidrar i tillegg til fantastiske og stemningsfulle "walk and talk" og gode tenkepauser. Kombinasjonen mellom lys og stillhet inspirerer. 

Ta kontakt om dere ønsker å legge møter, kurs, konferanser eller selskap til kulturgården Bjerkem.

 

 

 

Ro i kulturlandskapet

 

Eit opphald på Bjerkem

Vinterstemning på BjerkemPå Bjerkem har vi lokalar til disposisjon som passer dei fleste behov, og de kan etter ønske bestille økologisk kortreist mat til alle anledningar.

Vi sett saman menyar tilpassa årstida og begivenheita. Det gir alltid eit deilig resultat!

Mange vel å komme hit til gården for å feire bryllup, konfirmasjonar, minnesamvær eller dåp.

Ta gjerne kontakt med Torunn om de ønsker å leige lokaler på Bjerkem eller om de ønsker bistand til arrangementet i form av matservering, pynting og anna.

 

 

Servering i Masstu

Grupper som kjem, held eigne interne kurs eller seminar, eller leiger oss inn som kursholdarar.Vi samarbeider også med KultLab AS om tilbod til bedrifter som er ute etter utvikling med oppleving og opplevd utvikling!

Velkommen til å trykke deg rundt på heimesidene våre for å sjå meir om oss!

 

 

Bunaden som historieforteller

NRK Berit Bjerkem - Bunaden forteller

I over 20 år har Berit Bjerkem i Henning i Nord-Trøndelag arbeidet med bunad og bunadskultur og historie knyttet til dette.

Her kan du lese artikkelen som var eit av resultata etter at NRK besøkte Berit på Bunadburet.